Nyhetsbrev
Søk
Alle saker

Søket må inneholde minst 3 tegn.

Denne artikkelen er skrevet ut fra Handikapnytt.no. Der finner du mer spennende innhold som dette. Artikkelen er opphavsrettslig beskyttet og må ikke viderepubliseres uten avtale.

Gode hjelpemiddel i kvardagen med småbarn

Av: Mari Svartveit Hansen Foto: Marit Hommedal
Publisert 15.01.2015 09:27

Her er hjelpemidla og løysingane som gjer at Arne Olav fiksar kvardagen som småbarnspappa.

Arne Olav Hope (46) har ei ryggmargskade og brukar rullestol. Før han vart pappa, tenkte han på om han ville klare å vera åleine og sjølvstendig med barnet. Men då eldstejenta Nina kom, viste det seg at dette ikkje var noko å bekymre seg for.

– Dette har godt over all forventing. Mor kan gjerne reise på jentetur, utan å uroe seg, seier Arne Olav, som mellom anna er medlem i sentralstyret i Noregs Handikapforbund.

Han fekk verkeleg prøvd seg på eiga hand då han var ute i pappaperm. Då merka han kor stor nytte desse hjelpemidla er til.

Sjølvstendig pappa

I dag har Nina rukke å verte 11 år og storesyster til Sofia (1). Huset deira på Karmøy i Rogaland er lagt til rette med gode planløysingar tilpassa behova hans.

– Det var absolutt buforholda som var det viktigaste å få på plass då me fekk eldstejenta, seier Arne Olav og held fram:

– Du kan planleggje deg i hel på dette området. Det eg såg som mest naudsynt, var å ha stor nok bustad til både meg og alle hjelpemidla mine. Så måtte me jo også ha plass til barnet sine «hjelpemidlar», som til dømes vogn og stellebord.

Samstundes såg Arne Olav det som særskilt naudsynt at utemiljøet var rullestolvennleg, og at det var lett tilgjengeleg for å kunne fylgje opp på fritida.

Stellebord med hev og senk

På badet er det stelletid for vesle Sofia. Storesyster er allereie i gong med å skifte før pappaen tek over. Sofia ligg roleg på eit stellebord som kan hevast og senkast. Dette gjer at rullestolen kjem lett inn under det, slik at Arne Olav får gode stellesituasjonar sittande. Desse stelleborda finst frittståande eller du kan få dei hengande på veggen.

– Eg synest søkjeprosessen på hjelpemidlar som dette er innvikla. Me måtte få behovet mitt vurdert av ein ergoterapeut, og det var ein omstendeleg prosess. Rutinane for å søkje på desse hjelpemidla bør forenklast, seier den ivrige faren.

LES OGSÅ: KVARDAGSMARATON

Arne Olav viser oss ein elektrisk kvilestol som han nytta mykje i spedbarnsalder. Her kan han sitte behageleg med god støtte i ryggen under mating, eller rett og slett avslapping med barnet på fanget.

– Desse stolane er ganske enkle å få. Det er same søkeprosess som stellebordet via Nav, seier Hope.

I spedbarnstida var ein vanleg babybjørn på magen god å ha. Dette passa perfekt i rullestolen og gav Arne Olav god kontakt med babyen.

Sittande legging

Då Sofia var mindre, hadde dei også barneseng med hev og senk. Det er også veldig praktisk når du skal leggje eller ta opp barnet frå rullestolen. Nokon av desse sengene har ei lita dør med eit opne- og lukkesystem der du lett får tilgang til barnet sittande.

– Det er lang behandlingstid på ei slik seng. Du kan risikere å måtte vente åtte–ni månader før ho dukkar opp. Det vil seie at ein nesten må søkje før ein er gravid, og det er litt vanskeleg, humrar Arne Olav, som meiner ventetida bør vera korte på hjelpemiddel av denne typen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Arne Olav sittande i Chasswheel-stolen ute på leikeplassen gjev Sofie fart i huska.
KJEM SEG FRAM: Med den firehjuldrivne utestolen Invacare Chasswheel er det ikkje noko problem for Arne Olav å vera med veslejenta på leikeplassen.

Uteleik saman

Familien har leikeplass ikkje så langt frå huset, og der er Arne Olav mykje med minstejenta. Han har fått tak i ein utestol som heiter Invacare Chasswheel. Den har store hjul som lettare tek seg fram i ulendt terreng. Den har firehjulsdrift og taklar å køyre både på gras, grus og i sand på stranda.

Alle leikeapparata ligg på ei grasmatte, men stolen har ikkje problem med å ta seg fram til verken dissa eller sandkassa. Arne Olav køyrer over grusen tett inntil dissa, set dottera trygt på plass og gir ho fart.

Etter det går ferda vidare til sklia, som Sofia elskar. Sklia ligg i ein bakke, men han vert i meste laget for utestolen. Faren står nedst og tek imot medan storesyster Nina sender ho nedover. Me høyrer fornøgde kvin, og den vesle jenta har eit stort smil om munnen. Pappa lóser ho trygt i hamn og lyfter jenta opp til seg.

– Eg prøvde å søkje Nav om Terrengen til å nytte ute, men den fekk eg ikkje. I dag er eg likså fornøgd med den eg fekk. Chasswheelen krev litt utprøvingstid for å verte sikker på styringa. Den kan opplevast som litt vanskeleg å styre i starten. For dårleg opplæring kan nok føre til at folk leverer ting attende som dei kunne hatt nytte av, seier Arne Olav.

LES OGSÅ: TERRENGEN OVERLEVER

Bil utan familiefokus

Faren saknar at hjelpemiddelsentralen tek meir omsyn til familielivet når det gjeld tilpassing av bil. I dag er det berre fokus på personen med funksjonsnedsetting og ikkje på å laga gode løysingar som fungerer for heile familien.

– Når det gjeld dette med bilsøknad og foreldrerolla, er det fleire detaljar Nav ikkje tek omsyn til. Sikring av hjelpemiddel i bil, til dømes. I mi billøysing var det mogleg for barn å kome til knappane som betener heisen. Ein kan ikkje få dekke anordning slik at bilen vert sikker for borna. Dette er ein detalj som i verste konsekvens kan ta liv eller kan føre til fleire personar med nedsett funksjonsevne i samfunnet, seier Arne Olav.

Han synest heller ikkje det vert teke omsyn til behovet for større bil som fylgje av foreldrerolla. Du får berre dekka behovet ditt som fylgje av nedsett funksjonsevne.

– Dermed er det ikkje mogleg å byte bil grunna familieauke, i og med at dette ikkje er behovsendring i forbinding med din nedsette funksjonsevne. Det kjennast litt som om samfunnet straffar deg om du har nedsett funksjonsevne og ynskjer barn. Det er trist. Me lagar like gode skattebetalarar som andre. Om ikkje betre, avsluttar Arne Olav Hope.

Kartlegg behovet for hjelpemiddel

Foreldre med nedsett funksjonsevne kan få hjelp av kommunen for å kartlegge behova for hjelpemiddel. Om kommunen ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å kome med gode løysningar, vert foreldra sette i kontakt med Nav Hjelpemiddelsentral.

Det fortel Toril Bjørnsen, underdirektør i Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging, til Handikapnytt.

Foreldre vert bedne om å gå gjennom døgnet og veka og gjere greie for i kva situasjonar det oppstår problem og kva som er vanskeleg.

– Det kan vera ulike årsaker til at foreldre med nedsett funksjonsevne søkjer på hjelpemidlar. Nokre har vanskar med å bevege seg eller orientere seg. Andre har problem med hørsel eller syn. Dette kan gjera det vanskeleg å stelle eller flytte barnet, fylgje barnet på fritidsaktivitetar, hjelpe med lekser eller høyre at barnet står opp på natta, seier Toril Bjørnsen.

I dei fleste tilfella kan det nyttast standard hjelpemidlar, som til dømes varslingshjelpemidlar dersom far eller mor ikkje høyrer. I andre tilfelle må hjelpemidlar tilpassas, seier Bjørnsen.

Bjørnsen bekreftar at det vert innvilga barnesenger med hev og senk, men kjenner ikkje til at det tar så lang tid.

– Den gjennomsnittlege ventetida på hjelpemiddel er tolv dagar, dersom me har vara på lager. Om hjelpemiddelet må bestillast hjå leverandør, er gjennomsnittleg leveringstid 33 dagar, svarar ho vidare.

Familiesituasjonen tel med

Bjørnsen understrekar at brukaren sin familiesituasjon er eit av kriteria i bilsaker:

– Det vert alltid gjennomført ei konkret og individuell vurdering av kvart einskild tilfelle. Brukarane sin familiesituasjon er eit av kriteria som vert vurdert. I den store samanhengen har me ikkje mange tilfelle årleg der brukar har barn.                                               

Når det gjeld inngangsvilkåra for å få stønad til bil, vil foreldre sitt ansvar for å fylgje opp barn verta vektlagt når transportvilkåret vert vurdert, ifølgje Bjørnsen.

– Det kan i nokre saker vera utslagsgjevande for at transportvilkåret vert oppfylt. Barn skal kunne køyrast til barnehage og få moglegheiter til å ta del i fritidsaktivitetar, seier underdirektøren vidare.

Sikre barna i bilen

Når det gjeld sjølve billøysninga, er det brukar sjølv som vel bil i gruppe 1. Då må brukar sjølv ta høgde for at storleiken er stor nok i forhold til familien. Bilseter med utsving for å lette plassering av barn i barnesete vert gitt som hjelpemiddel i nokon tilfelle.

LES OGSÅ: ENDELIG HAR JEG BIL

I billøysinga i ei gruppe 2 sak, bil med heis eller rampe, vert bilen utforma saman med brukar. Nav dekkjer inntil fem seter dersom det er naudsynt og det ikkje går ut over behovet for tilpassing og tilrettelegging. Ved plassering av seter vektleggast at brukar kan sikre barna godt i bilen. Seteplassering vert diskutert og valt saman med brukar.

– Kortvarig behov for heis for å få med seg barnevogn i bil, vil ikkje gjere at brukar får stønad i gruppe 2. Her er det berre brukar sitt behov for forflytting som vert vurdert. Å få med seg barnevogn inn i bilen og sikre denne kan vera vanskeleg for ein rullestolbrukar utan hjelp, og barnevogna må stroppast med lastestroppar, seier Bjørnsen.

Bjørnsen meiner Nav tek omsyn til ansvar for barn både ved vurdering av inngongsvilkår og val av løysingar. Men ho innrømmer at regelverk og praktisering av dette kan sette grensar for kva som kan tilpassast.


Norges Handikapforbund
Pressens Faglige Utvalg
Fagpressen

Hei. Takk for at du besøker Handikapnytt.no. Det er annonsene på siden som gjør det mulig å drive nettstedet. Derfor må du slå av adblock-funksjonen din for å få se innholdet. Takk for forståelsen og ha en fin leseopplevelse.