Nyhetsbrev
Søk
Alle saker

Søket må inneholde minst 3 tegn.

Denne artikkelen er skrevet ut fra Handikapnytt.no. Der finner du mer spennende innhold som dette. Artikkelen er opphavsrettslig beskyttet og må ikke viderepubliseres uten avtale.

Kvardagsmaraton

Av: Mari Svartveit Hansen Foto: Marit Hommedal
Publisert 02.12.2014 08:40

UTTRYKK: Kjære supermamma og rosabloggar. Her er ei helsing frå min kvardag.

Eg rullar opp og ned mellom epletrea i Hardanger, med borna på fanget og mannen springande ved sida av. Mannen min elskar nemleg maratonløp. Eg er fødd med cerebral parese, og er gift med ein funksjonsfrisk mann. Me har to born. Dei er 1 og 4 år. I tillegg har eg starta eige firma, sidan du som småbarnsmor med funksjonsnedsettingar ofte har litt for god tid.

Så eg tenkte, kvifor ikkje? Dette må jo berre prøvast? Latskap er ingen god last. Det gjeld å henge i. Sove kan ein gjera om 20 år.

Den beste nyheita akkurat no, er at me har born i to ulike barnehagar og har berre ein bil. Det hadde ikkje hjelpt noko særleg med ein til sidan eg berre rullar stol og ikkje køyrer bil. Sjølv om det berre er nokon kilometers avstand mellom barnehagane, trengs gjerne ei mastergrad i logistikk for å få dagane våre til å gå opp. Me får heldigvis hjelp til å hente og bringa minstejenta i barnehagen av pleie og omsorg.

LES OGSÅ: SE, EN USYNLIG FUNKSJONSHEMMET

For å holde oss riktig opptatt får me berre hjelp med å køyre eit barn. Så mannen køyrer eldstejenta før han sprintar av stad på jobb. Han tek det like så godt som ei treningsøkt sidan eg må ha bilen for å få kjørt minstejenta. Vi får jo hjelp heile ei gong i veka utanom, så eg er heldig som er gift med supermann. Eg er jo berre mammaen deira, så at eg skal få assistent for å gjera ting samen med dei, er vel litt mykje å be om. Eg sit jo berre i rullestol, med hjul som bein og ein funksjonell arm. Eldstejenta mi hevdar forresten at eg kan gå, fordi eg kan jo gå med gåstol.

Ein skulle vel berre tatt fram vengene sine og flydd inn i dusjen og fiska ut veslejenta når ho står og smiler som ei sol inst mellom alle dei velta såpene våre. Ho veit at her kjem ikkje mamma og tar meg. Eller eg skulle tatt fram blekksprutarmane når «vetlo» vår har velta alle blomsterpottene i vindauga og det ligg jord over heile golvet.

Kjære supermamma og rosabloggar, eg kan ikkje skilte med å kunne balansere middagstallerkar på nasa mens eg vaskar kler med stortåa. Eg har prøvd, men det enda med eit brak og ein inngåande kontakt med husdyra våre, hybelkaninane, i staden. Nei, eg treng vel ikkje meir assistent, nei då.

Sjølv om eg aldri har vore av den realistiske typen og alltid tenkt ingenting er umogleg så lenge du berre prøver hardt nok. (Til pappas store fortviling og mammas store glede, trur eg då…). Eg hadde nok tvilt litt om nokon hadde fortalt meg at eg skulle gifte meg og få to skjønne jenter (for det meste skjønne i alle fall, viss dei ikkje har tannverk eller får gjera som dei vil). Eg ville ledd høgt og lenge. Spesielt om dei hadde sagt at han var idrettsfreak og hans store lidenskap var å trena kvar dag.

Eg hadde nok lagt meg ned og vridd meg i latterkrampe om dei hadde sagt at noko av det eg elska mest er å farta opp og ned på desse gode vestlandsvegane med armsykkel og mannen sprintande ved sida med barnevogn. Mine favorittaktivitetar i studietida var øl og festivalliv.

LES OGSÅ: DU VERT LURT TRILL RUNDT!

Slik gikk det altså til at vi no slepp å investere i vekkjarklokka. Me har ei litt for påliteleg ei, som lagar lyd ca. klokka seks kvar morgon. For å sikre at me er ordentleg vakne kjem to viltre føter hoppande klokka sju klar for leik og moro. Dette er min kvardag, og eg ville ikkje ha bytta den mot ein million kroner. Varme barnehender med kaviar er det beste i verda.

Mari Svartveit Hansen (30) held til i Kinsarvik i Hardanger. Ho har nettopp starta føretaket Ordsmeden Mari Hansen. Der ho driv med kommunikasjonsarbeid og frilansjournalistikk, mellom anna for Handikapnytt. Ho har borna Siri Kristine (4) og Linde Helene (1). Ho er gift med Kim Are Bull Hansen.

 


Norges Handikapforbund
Pressens Faglige Utvalg
Fagpressen

Hei. Takk for at du besøker Handikapnytt.no. Det er annonsene på siden som gjør det mulig å drive nettstedet. Derfor må du slå av adblock-funksjonen din for å få se innholdet. Takk for forståelsen og ha en fin leseopplevelse.