Nyhetsbrev
Søk

Søket må inneholde minst 3 tegn.

Denne artikkelen er skrevet ut fra Handikapnytt.no. Der finner du mer spennende innhold som dette. Artikkelen er opphavsrettslig beskyttet og må ikke viderepubliseres uten avtale.

Du vert lurt trill rundt!

Av: Ronnie MAG Larsen Foto: Tore Fjeld
Publisert 20.06.2014 14:03

UTTRYKK: Alle har et ansvar for oppsedinga. Tenk på det neste gong du gir ein med Downs en gratis is, skriv Ronnie MAG Larsen, pappaen til Ask (8).

Noko av det fyrste vi spurde legane om då Ask (8) vart fødd, var om han hadde mykje eller lite Downs. Ingenting som heiter mykje eller lite Downs. Korleis Ask blir er opp til foreldra det, sa dei.

Frå dag ein har vi prøvd å oppdra Ask slik som systrene på ti og seks. Vere like strenge og stille dei same krava. Vi har tenkt at ein dritstøvel er ein dritstøvel uansett mengde kromosom. Heime må han sitje til alle er ferdige med å ete, hjelpe til å rydde opp og ikkje minst må han kle på seg sjølv, og hengje opp jakka etter at den har blitt kasta hit og dit, før han finn det for godt å bruke knagg.

Det verkar ofte som om han trur det er fritt fram, at han kan gjere det han vil, heile tida. Kvifor? Det gjekk opp eit lys for meg på 17. mai. Eg kjem bort til kiosken for å kjøpe is, då ho som sel seier; Eg gav sonen din ein is, håper det er greitt? Eg vert forfjamsa og seier at det var hyggeleg.

Så ser eg Ask kaste erteposar mot ei tavle med hol i. Får poeng etter evne. Så vil han prøve ein gong til og normalt sett stiller folk seg bakarst i køa. Men nei, Ask går inn midt i rekkja, og dei let han få lov. Det neste som er heilt på kanten, er at han no skal få premie for det han har gjort, og der dei andre får velje ein ting kvar, vel han ein penn og ein matboks, utan protest frå andre. Det er visst ikkje berre opp til foreldra.

LES OGSÅ: 6800 BARNEFAMILIER FÅR RETT TIL BPA

Enkelte ord er vanskelege å forstå når Ask snakkar, men det finst ei ordgruppe som skil seg ut andre vegen. Bannord. For cirka eitt år sidan jobba vi med bokstaven K og etter nokre dagar vart han forbanna, eg hugsar ikkje på kva. Utan det minste tvil kallar han meg eit ord på tre bokstavar der bokstaven U har ein K på kvar side. Fyrst ler eg i vantru, men det er lite pedagogisk. Så seier han det ein gong til, og det er så tydeleg. Eg vert nesten rørt samstundes som eg må verte streng. Tenkjer på kven som har lært han det, er stolt over at diksjonen er perfekt, men forbanna over innhaldet.

Ask er òg ein kløppar på teikn til tale. Det kjem fort ein langfinger, og tanken bak er ikkje til å misforstå. Han peikar på jentene i klassa og seier pupp, han peikar på gutane og kallar dei bestemor. Han dansar til Gangnam Style og kan alle rørslene til The Fox. Ask hugsar julesongar sjølv om det er sommar, sparkar ballen steinhardt med venstrefoten og han tel på engelsk om det er ein is å hente når han kjem til twelve. Språket veks til på godt og vondt.

LES OGSÅ: SKREDDERSYDD FOR AKTIVE HELENA (VIDEO)

Det med mykje og lite Downs må bytast ut med mykje og lite Ask. Han er mykje meir av seg sjølv, heile vegen, og det er fyrst no eg innser at han i grunn har vorte ein såkalla normal åtteåring, med vri på utsjånaden. Han veit forskjellen mellom rett og galt, men har eit andlet som gjer at han får ein ekstra sjanse om feil finger poppar opp mot feil person.

Det med oppseding er ikkje berre opp til foreldra, men noko alle har eit ansvar for uansett kven det gjeld. Tenk litt på det neste gong du gir ein med Downs ein gratis is, eller gjer vegen for dei lettare. Du vert lurt trill rundt, og dei veit det.  

Pappaen til Ask heiter Ronnie MAG Larsen (43) og er forfattar, skribent, musikar, regissør og lærar. Han kjem frå Giske på Sunnmøre, men er busett på Filtvet i Hurum.

Pappa Ronnie og Ask gir hverandre en god klem.

MYKJE ASK: Det med mykje og lite Downs må bytast ut med mykje og lite Ask. Han er mykje meir av seg sjølv, heile vegen, skriv Ronnie MAG Larsen.

 


Norges Handikapforbund
Pressens Faglige Utvalg
Fagpressen

Hei. Takk for at du besøker Handikapnytt.no. Det er annonsene på siden som gjør det mulig å drive nettstedet. Derfor må du slå av adblock-funksjonen din for å få se innholdet. Takk for forståelsen og ha en fin leseopplevelse.