Nyhetsbrev
Søk
Alle saker

Søket må inneholde minst 3 tegn.

Denne artikkelen er skrevet ut fra Handikapnytt.no. Der finner du mer spennende innhold som dette. Artikkelen er opphavsrettslig beskyttet og må ikke viderepubliseres uten avtale.

Portrettfoto av Mari Svartveit Hansen
UTRYGT: Mari Svartveit Hansen skriv om korleis det kjennast ikkje å vere trygg på at assistansen kjem neste morgon eller neste veke. (Arkivfoto: Marit Hommedal)

«Mange bit negler for morgondagen, for dei vaktene som ikkje går opp.»

MEININGER: Eg manglar vakter kvar dag. Gråten står langt oppi halsen, etter eg prøvde å snakke med kommunen om råd, skriv Mari Svartveit Hansen om livet med brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ho meiner det vil løyse mange problem om det å vere assistent får høgare status.

Handikapnytt
Publisert 01.06.2018 07:30

Ein fredag måtte eg på toalettet. Når eg skulle attende til rullestolen, viste det seg at eg hadde gløymt å setje på den eine bremsen.

Då eg lente meg på stolen vart eg sitjande halvegs oppi. Eg kjende at viss eg pressa meg meir på stolen no, ville den gli sakte frå meg. Slik sat eg med halve meg oppi rullestolen.

Den brukarstyrte assistenten hadde fri, det einaste kommunen kunne tilby var heimesjukepleie. Eg hadde prøvd å få tak i vikar lenge, lagt annonse ut på Facebook, ingen napp.

Eg snappa opp telefonen som låg plassert på badegolvet, eg ringde heimehjelpsbasen etter hjelp, det ringde og ringde. Ingen svar …

Kva gjer eg no? Eg ringde ei venninne i pleien. Ho hastar seg ned til meg, og må avbryte oppgåvene sine. Det er ikkje rett, men det hende likevel.

Ein fin vårdag i mai. Du lurar på korleis eg følte meg? Tårene var der. Eg følte meg ikkje verdt ein dritt. Det var vondt, jævlig vondt. Men eg smilte likevel.

Ein fin vårdag i mai. Du lurar på korleis eg følte meg? Tårene var der. Eg følte meg ikkje verdt ein dritt.

Eg veit at det er mange som meg, som går dagar utan hjelp. Mange bit negler for morgondagen, for dei vaktene som ikkje går opp.

Dei har ingen varme hender å ta av. Ingen søkjer på stillinga, eller vedtaka er for små. Det er ikkje rett, men det skjer likevel.

Korleis skal me gripa tak i hjelpebehova til dei som er klåre i hovudet, har gode arbeidshender og vil ein tur på puben, eller får eit fall på badet og ikkje får den hjelpa dei treng?

På helsenorge.no beskrivast Brukarstyrt personleg assistanse slik:

Brukerstyrt personlig assistanse er først og fremst beregnet for personer med omfattende bistandsbehov. Det er likevel ikke satt noen nedre grense for bistandsbehovet. Likevel er det en forutsetning at behovet for bistand er så omfattende eller av en slik art at det mest hensiktsmessig kan ivaretas gjennom brukerstyrt personlig assistanse. Kommunen vurderer bistandsbehovet, og skal i samarbeid med den enkelte pasient eller bruker avgjøre om det skal tilbys tjenester i form av brukerstyrt personlig assistanse.

Det eg vil ta opp her er kvifor så mange av oss ikkje får tak i nok tilsette og eventuelle svakheiter i ordninga. Eg meiner staten har lagd vage rundskriv for ordninga. Kommunane slit ofte med å tolke regelverket. Kommunane tolkar ikkje lova likt. Her må det konkrete lovheimlar til – utan rom for tolking.

Mitt forslag er å laga ei ny fagutdanning som ligg under helse og oppvekst. Det skal verta sett på som ei krysning av helseyrket og servicefaget.

Mitt forslag er å laga ei ny fagutdanning som ligg under helse og oppvekst. Det skal verta sett på som ei krysning av helseyrket og servicefaget. Ein skal ha grunnleggjande medisinsk opplæring, sosialfag og inngåande opplæring i utøving av servicefaget.

Brukarstyrt personleg assistanse er til for oss som treng det. Me som vil ha kontroll over eige liv, og vera eigen sjef i eige liv. Då må dei som har dette yrket bera det med stoltheit. Ingen minstelønn utan krav til utdanning.

Bent Høie – eg ber deg, løft yrket fram! Lag ei utdanning som ungdommen vår vil søkja på, då vil du få flott ungdom inn i eit yrke med meining. Dei vil vera med på å gje mange av oss eit verdig liv.

Av og til er det ikkje sjukeheimsplassar som skal til. Forsk på korleis det går med dei med nedsett funksjonsevne under 60 år. Mange av oss er gift eller sambuarar, nokre har ungar, men andre har ingen nettverk. Kva gjer dei når ingen tar telefonen?

Nokon vil vera far, men får ikkje nok timar, mor må ta fars del. Det er ikkje rett, men det skjer likevel.

Nokon vil ta eksamen, men møter ikkje opp fordi dei har ikkje får hjelp den dagen. Ingen kunne stille.

Nokon vil oppleve London, men dei må ha assistanse. Dei får ikkje reist. Du kastar deg på eit fly, ser Big Ben på spretne bein. Andre ser på bileta frå ein falma reklameplakat.

Du har rett – det skal ikkje vera slik. Men slik er livet for mange. Er det verdig?

Eg har lyst å fortelje om neste veke. Eg har ikkje fått tak i dei varme hendene eg treng for å få veka til å gå opp. Eg manglar vakter kvar dag. Gråten står langt oppi halsen, etter eg prøvde å snakke med kommunen om råd. Me finn ikkje andre løysningar enn heimesjukepleie.

Noko må gjerast med ordninga, for det frigjeringsverktøyet me vart lova – er ikkje reelt.

Eg manglar ei veke kvar einaste månad, og det tærer på meg. Eg brast i gråt utanfor huset mitt. Noko må gjerast med ordninga, for det frigjeringsverktøyet me vart lova – er ikkje reelt.

Eg tryglar deg, Bent Høie: høyr oss og sjå oss no!

Mari Svartveit Hansen
Frilanser innan journalistikk og kommunikasjon

 

Denne teksten er opprinneleg publisert på det feministiske bloggkollektivet Maddam.


Norges Handikapforbund
Pressens Faglige Utvalg
Fagpressen

Hei. Takk for at du besøker Handikapnytt.no. Det er annonsene på siden som gjør det mulig å drive nettstedet. Derfor må du slå av adblock-funksjonen din for å få se innholdet. Takk for forståelsen og ha en fin leseopplevelse.