Denne artikkelen er skrevet ut fra Handikapnytt.no. Der finner du mer spennende innhold som dette. Artikkelen er opphavsrettslig beskyttet og må ikke viderepubliseres uten avtale.
Venstre slår ring om BPA-ordninga
Venstre-politiker Alfred Bjørlo forsøker ikke å avvikle ordninger som sikrer funksjonshemmede grunnleggende rettigheter, skriver han i dette debattinnlegget.
- Denne artikkelen er et debattinnlegg og gir uttrykk for forfatterens egne meninger.
Det har vore ein omfattande debatt i Handikapnytt i etterkant av Dagsrevy-innslaget 17/11 om sterk vekst i kommunene sine kostnader til å hjelpe unge pleietrengande («ressurskrevjande brukarar» i offentleg terminologi), og at mange kommunar slit med å finne både pengar og folk. Og det har blitt retta til dels harde angrep mot underteikna for ikkje å ha respekt for eller forstå funksjonshemma sine liv og behov.
Eg håper å bli trudd på at det gjer eg. Eg har ingen annan agenda enn å sikre at funksjonshemma kan leve verdige, sjølvstendige og aktive liv – noko vi enno ikkje er i mål med i Noreg.
Og la meg for ordens skuld presisere: Verken eg eller mitt parti vil fjerne BPA-ordninga, Tvert imot: Vi slår ring om den. Vi vil heller aldri finne på å tvinge nokon mot si vilje inn i helsetun eller institusjonar og vil sjølvsagt ikkje setje funksjonshemma sine grunnleggande rettar i spel. Dei rettane vi her snakkar om har Venstre vore ein forkjempar for, og dei står fast.
Det eg ønskte å få fram då Dagsrevyen kontakta meg for å få kommentar til si sak, var at vi som samfunn framover på ei rekke område kjem til å slite med folk for å utføre heilt nødvendige tenester. Dette på grunn av dramatiske endringar i demografien i Noreg dei neste 15-20 åra, der talet personar i yrkesaktiv alder vil gå ned, medan talet på personar som vil trenge tenester frå det offentlege vil gå sterkt opp.
Den diskusjonen trur eg vi alle er nødt til å ta i tida framover – på ALLE område. Korleis kan vi rigge oss for ei framtid der samfunnet vil sjå heilt annleis i dag, utan at vi dermed set dei rettane og tenestene funksjonshemma i dag har fått etter lang tids kamp «i spel»?
Eg er rett og slett bekymra for at dersom vi ikkje klarer å ha ein open diskusjon om korleis vi organiserer alle helse- og omsorgstenester ute i kommunane i framtida, så vil det gå utover dei menneska som aller mest treng tenestene som er nødvendig for fridom og gode liv – kanskje særleg ute i distrikts-Noreg. Vi står i fare for å kome i stadig fleire situasjonar der enkeltmenneske sine rettar og livskvalitet blir forringa – ikkje på grunn av mangel på formelle rettar eller pengar, men fordi vi ikkje har nok folk til å levere gode og heilskaplege omsorgstilbud – særleg til personar med komplekse livsutfordringar som også krev betydeleg helsefagleg kompetanse.
Dette ser eg ikkje at Arild Hermstad eller andre politikarar som kastar seg inn i debatten har betre svar enn meg på – eller ønsker å gå djupare inn i. Det synst eg er dumt.
Men det er svært viktig for meg å understreke at dette absolutt IKKJE er eit forsøk på å avvikle ordningar som sikrar funksjonshemma grunnleggande rettar. Det er tvert imot eit forsøk på å kome tidleg i gang med debatten om korleis vi i praksis sikrar at folk får desse rettane oppfylt i ei framtid der Noreg er skrudd saman heilt annleis enn i dag.
Eg ser at dette ikkje kom godt fram i NRK si sak ut frå dei knappe setningane eg er sitert på der, og at det har gjort mange folk urolige. Det beklager eg, og håper de trur meg på at det ikkje har vore mi hensikt.
Av: Alfred Bjørlo,
stortingsrepresentant for Venstre
LES OGSÅ:
Ikke venstrepolitikk, mener partifelle (lenke).
Vil utvikle nye løsninger (lenke).
Svikter oss gang på gang (lenke).
Tror ikke på Bjørlos løsning (lenke).
***
Enig eller uenig i det du leser? Skriv gjerne et debattinnlegg og send det til post@handikapnytt.no.