Nyhetsbrev
Søk
Alle saker

Søket må inneholde minst 3 tegn.

Denne artikkelen er skrevet ut fra Handikapnytt.no. Der finner du mer spennende innhold som dette. Artikkelen er opphavsrettslig beskyttet og må ikke viderepubliseres uten avtale.

Portrett av Marianne innfelt på bilde av tog som forlater i stasjonen. I forgrunnen, et skilt med et rullestolsymbol.
TOG FOR ALLE: Jernbanen treng universell utforming - no! skriv NHFU-leiar Marianne Knudsen. (Arkivfoto: Ivar Kvistum og privat)

Universell utforming av jernbanen må trappast opp

MEININGAR: Regjeringa må trappe opp innsatsen for universell utforming av togstasjonar, skriv leiar Marianne Knudsen i Noregs Handikapforbunds Ungdom (NHFU) i dette innlegget.

Marianne Knudsen
Publisert 24.11.2020 16:32

I dag er 127 av 334 jernbanestasjonar tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Av desse er berre 31 universelt utforma. Det er på høg tid at det blir laga ein langsiktig plan, slik at togtilbodet blir tilgjengeleg for alle.

Les mer: TO AV TRE JERNBANESTASJONER ER UTILGJENGELIGE FOR RULLESTOLBRUKERE

Tog er ein av dei mest effektive måtane å reise på mange stader i landet. Det er òg meir miljøvenleg enn både bil og fly.

At menneske med nedsett funksjonsevne blir stengt ute frå ein reisemåte dei fleste tek for gitt, er ein stor urett.

Vi ønsker å reise kjapt og miljøvenleg, på lik linje med alle andre.

Enkelte meiner at det bør settast inn midlertidige tiltak på utilgjengelege stasjonar. Dette vil vi åtvare mot. Midlertidige løysingar er ikkje nødvendigvis billege for samfunnet, og kan bli ei kvilepute mot å gjennomføre endringar som gir full universell utforming.

MEININGAR
  • Dette er eit debattinnlegg og gjev uttrykk for forfattarens eiga meining.

Universell utforming kostar, men er ei nødvendig investering. Oppgraderingar til universell utforming skjer berre når togstasjonane uansett må bli utbetra.

Når regjering og storting ikkje set av tilstrekkelege midlar til å oppgradere større delar av infrastrukturen, er dette eit uttrykk for at likestilling ikkje er viktig. Det er ikkje viktig nok at alle har likeverdig tilgang til ei av dei viktigaste transporttenestene.

Om styresmaktene meiner alvor med at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne bruke tog like lett som kven som helst, held det ikkje med kortsiktige planar.

Om styresmaktene meiner alvor med at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne bruke tog like lett som kven som helst, held det ikkje med kortsiktige planar.

Vi  meiner difor at det må utarbeidast ein plan av Jernbanedirektoratet, som Samferdsledepartementet løftar i regjeringa, som Stortinget løyver midlar til, og som Bane Nor kan sette ut i livet.

Det fortener klimaet, og alle vi som ønsker å bidra ved å reise med tog.

Marianne Knudsen
Leiar i Noregs Handikapforbunds Ungdom

Kjære leser 🙂

Når du er her, vil vi be deg om en liten tjeneste.

Handikapnytt.no er Norges eneste redaksjonelt uavhengige nettavis om funksjonshemmedes rettigheter, levekår og likestilling.
Vi mottar ingen pressestøtte. Og for at flest mulig skal få lese det vi skriver, har vi heller ingen betalingsmur.

Hvis du vil støtte journalistikken vår, kan du sende for eksempel 25 kroner eller et annet beløp på Vipps. Nummeret er:
526030
Du kan også bruke bankkontonummer:
8200 02 03277
Husk å merke overføringen med «Støtte til Handikapnytt».

Din støtte gjør det mulig for Norges Handikapforbund å utgi Handikapnytt fortsatt.

Tusen takk for ditt bidrag!


Norges Handikapforbund
Pressens Faglige Utvalg
Fagpressen

Hei. Takk for at du besøker Handikapnytt.no. Det er annonsene på siden som gjør det mulig å drive nettstedet. Derfor må du slå av adblock-funksjonen din for å få se innholdet. Takk for forståelsen og ha en fin leseopplevelse.